Kart over South Georgia

Kart over South Georgia

søndag 26. september 2010

Vellukka treningstur

Ja, planen var at Tormod og eg (Sigrid) skulle padla i frå Leikanger på Stadtlandet til Kristiandsund. Det blei ikkje heilt slik. Men den verklege hensikten med denna turen var trening på hav, vær, vind, bølger, leir og samhold. Og  mi kunne ikkje fått meir av nokon av delene! Ein fantastisk vellukka treningstur.

Første dagen padla me 70 km frå Stadtlandet til Ålesund. Andre dagen vart kviledag i teltet fordi Tormod sine handledd var litt i ulage, og me kan ikkje ha trøbbel no. Berre ein mnd til avreise! Tredje dag vart ein utruleg spanande og krevjande dag. Me padla i motvind over til Ålesund, gjennom byen og måtte gjera gode vurderingar når me skulle over neste strekk. Frisk bris med liten kuling i kasta ville ta oss rett til havs om me ikkje gjorde ting rett. Slike vurderingar er viktig om ting skal gå sikkert før seg. Me gjorde ting rett, men banna og steikte for vinden tok seg opp, kuling i frå nord-aust, og på neste strekk på 7 km kom me nesten ikkje av flekken. Alikevel klara me å heia på kvarandre innimellom bølgene som slo opp i ansiktet. Etter at mi kom i land på ei øy med rådyr på, var me slitne. Hadde ikkje padla kjempe langt, men knall hard jobbing i vinden. Kuling i mot er ikke til å spøka med.

Sjekka værmelding jamt og trutt, alle meldte om kuling i frå nord-aust som skulle vara denne dagen og neste... Mi tok eit strekk til, men i land på neste øy, opp mot Brattvågen og Søvik, var gode råd dyre. Me innsåg at med denne vinden ville me ikkje komma oss til Molde. Kva gjer me?? Jau, mi snur! Og jippi, kuling i medvind er noko heilt anna. Moro ei stund, men etterkvart som dønningane vart oppi 2 meter vart det og slitsomt. Med så mykje vind i ryggen kan ein ikkje stoppa når ein vil, ein må planlegga og vera på hugget heile tida.

Motvind igjen i gjennom Ålesundvågen, men god medvind forbi Sula og mot Hareid. Det vart mørkt før me tilslutt fann ein perfekt landingsplass. Då var kl 2130, og me hadde padla sidan kl 0600 på morgonen. Slitne og leie gjekk mi opp til eit hus for å spyrja om vatn. Ekteparet i huset laga store auge og lurte på kva skapningar me var som kom opp av havet i mørket. Dei tykkte dette var så gale at dei ville låna oss hytta si som låg nett der me kom i land. Dusj og seng kunne me ikkje sei nei til. Tusen takk Ottar og kona!

Dagen etter stakk me til Stadt og vår yndlingsplass; Hoddevika! Her var bølgene store og vinden heftig, sol på himmelen.. kva meir kan ein ynskja seg? Masse rullings og surf på bølgene, etterfulgt av Anne sine vaffle gjorde kruna på verket.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar