Kart over South Georgia

Kart over South Georgia

onsdag 29. september 2010

Førebuing til Antarktis i Jostedalen

No har eg turka ferdig!! Hurra! Eg er nemleg litt lei av å steika karbonadedeig. Har steikt og turka over 12 kg kjøt og turka nesten lika mange kilo grønsaker. So no skal eg berre vakuumpakka alt, so er middagane til turen i boks.
Og i Jostedalen kan ein lett leika at ein er i Antarktis, her er bilete i frå padletur i går på Styggevatnet. Lite passande namn forresten. Det er Austerdalsbreen som kjem heilt ned i vatnet. Sjonglering i kajakken og rulling i 1 graders vatn må vera relevant førebuing :)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar