Kart over South Georgia

Kart over South Georgia

lørdag 10. juli 2010

Eg har mista min beste støttespelar


Fredag 2. juli omkom min sambuar, kjæreste og aller beste ven, Arne. Han var på jobb som fjellførar i Molladalen på Sunnmøre då ulukka skjedde. Rett før følget nådde toppen, Mohns topp, kom ei steinblokk over Arne, og han døydde truleg momentant, før han datt mange hundre meter ned fjellsida. Laurdag morgon fekk eg den grusome beskjeden og det gjekk ikkje an å forstå.

Arne min, som eg skulle vera med resten av livet, som eg hadde det så utruleg flott ilag med, han kjem ikkje att. Det er så feil og så utruleg urettferdig. Gravferda til Arne var i går, fredag, og heile 400 menneske hadde møtt opp for å minnast Arne. Han var eit fantastisk menneske som var godt likt over alt.

Eg har lært mykje av Arne. Han var alltid positiv, tolmodig som få, snill med alle og ein ro i seg som gjorde at hadde god sjølvtillit, han var trygg. Eg skal freista å ta med meg detta vidare i livet. Arne vert aldri gløymd.

Arne heia på meg. Han var engasjert i turen til Syd Georgia og han ville at eg skulle ha det bra, vera lukkeleg. Sjølv om alt no har mista meining, trur eg at det er bra for meg å ha eit mål. SG2010 vert eit mål å jobba mot, i ei tung tid framover.

Danmarksturen som gutane no set igang med på søndag vert eg ikkje med på. Fokuset mitt er ikkje der.

Eg kjem sterkare att.

Lykke til Simen, Dag Marius og Tormod!

Sigrid

2 kommentarer:

  1. Kjære Sigrid...
    Kondolerer er bare et ord som ikke sier mye... Å miste noen man er så utrolig glad i, og som man har planer med for fremtiden er ubeskrivelig vond. Tiden leger alle sår sies det, men jeg vet at det gjør det ikke... sorgen går bare i etapper og vil alltid ligge der. Gjør den om til minner. Se opp mot stjernene og du vil finne den skarpeste stjerna... Der sitter han og passer på deg, alltid!


    Jeg er Simens nabo og har møtt deg på sommerfest i ishusveien.
    Ønsker deg lykke til med forberedelsen til Syd-Georgia. Dette blir det tøffeste du noen gang kommer til å gjøre, men gjør det for deg selv, for Arne og for de som er glad i deg.

    Angella

    SvarSlett
  2. Dette er ufattelig trist. Håper du har familie og venner rundt deg når du trenger det, og at du har tid alene når du trenger det.

    Kenneth

    SvarSlett